Bjørgum Mekaniske AS:
Innovasjon
Kvalitet
Stålkontroll...
Frå serieproduksjon med ekstreme kvalitetskrav – til utvikling av komponentar og deler, der erfaring og praktisk sans er avgjerande for eit godt resultat
10 dyktige og
engasjerte tilsette
7 effektive
CNC-maskiner
Maskinering opp til L:5000 / ø800 mm
Honing i ø5–16 mm, Ra<0,1
Om oss
Ny teknologi
- gamal fagkunnskap
Bjørgum Mekaniske AS starta i det små for over 20 år sidan, av Stig Ove Bjørgum. Maskinbygging for Skeie tre AS og Hardanger sylvplett AS danna grunnlaget for vekst og produksjon av det velkjente Bjørgums dobbelskjær. Gründerskap kombinert med sans for å finna gode løysingar har heile tida vore fundamentet. Leveransar til oljebransjen har danna grunnlaget for vekst. I seinare tid har maskinering for olje- og gassbransjen tatt over.
Bjørgum Mekaniske flytta i 2021 inn i nytt lokale på Istad industripark, 10 minutt frå Voss sentrum. Her driv firmaet både serieproduksjon og maskinering av unike deler og komponentar til fleire bransjar. Me utfører maskinering etter kunden sine krav og spesifikasjonar. Har du ei oppgåve med spesielle krav, blir me gjerne med å løyse denne i fellesskap. Me har lang erfaring med levering av produkt med korrekt kvalitet og toleransekrav til avtalt tid.
Viktig
Kvalitetssystem
Bjørgum mekaniske AS jobbar etter eit internt kvalitet system.
I 2022 vart kvalitetssystemet sertifisert av DNV etter ISO9001:2015.
Sidan 2021
Herre i eige hus
Mekaniske verkstader som driv med maskinering og vil hevde seg i konkurransen ved å levere produkt av høg kvalitet, må i tillegg til CNC, automatisering og innovasjon også ha tidsriktige og tenlege lokale.
I 2020 starta bygginga av nye industrilokale på Istad Industripark. Sommaren 2021 kunne firmaet flytta frå si gamle adresse i Bjørgavegen 34 til nye lokale på Istad industripark. Bygget er utforma etter ynske frå Bjørgum Mekaniske AS, det gjer at ein kan driva meir effektivt og systematisk enn før.
Kontakt
Me høyrer gjerne frå deg
Adresse
Bjørgum Mekaniske AS
Telefon
E-post
post@bjoergum.com