Maskinering

Image

Maskinering og CNC

Maskineringsbransjen og mekaniske verkstader har gjennomgått ein betydeleg utvikling dei siste åra, drive av aukande krav til kvalitet, effektivitet, og leveransedyktigheit. Dette har blitt mogleg takka vere avanserte teknologiar som CNC (Computer Numerical Control), automatisering, innovasjon og kontinuerleg utvikling. CNC-teknologi har revolusjonert produksjonsprosessar i maskinindustrien. Ved å bruke datamaskinprogrammering til å styre maskiner har ein oppnådd eineståande presisjon og konsistens i produksjonen. CNC-maskiner kan bearbeide material som metall, plast og tre med utruleg presisjon, noko som er avgjerande for bransjar som olje, der sjølv dei minste feil kan føre til store konsekvensar. Bjørgum Mekaniske har i dag 7 CNC-maskiner.

Maskinering av smådelar

Dei minste maskinene går med stangmater og kan masseprodusere smådelar med veldig fine toleransar. Bjørgum Mekaniske AS har og god erfaring med etterbehandling av smådeler for å få eit premium sluttprodukt.

Store CNC-maskiner

Av dei største maskinene me har kan nemnast to 5-akse maskineringssenter av typen Mazak Integrex-400 og Mazak Integrex-500. Integrex-500 kan maskinere 3000 mm lange deler og har hydraulisk brille som går frå 100 mm til 410 mm.

Den siste maskina som er installert er ei DNsolution Puma700XLY med dreielengde 5000 mm.

Spesialproduksjon

Gjennom åra har Bjørgum Mekaniske tilpassa seg den rivande utviklinga gjennom investeringar i avanserte maskiner, utvikling av spesialiserte verktøy og programvare, og opplæring av personalet for å kunne utnytte dei nyaste teknologiane på best mogleg måte. I tillegg er me fleksible og tilpassingsdyktige når det er behov for å finne løysingar og levere spesialprodukt.

Bjørgum mekaniske AS har lang erfaring med å løyse komplekse utfordringar der standardutstyr ikkje strekkjer til. Til utvikling av spesialverktøy og maskiner bruker Bjørgum mekaniske Solid Works. Så om du har ei vanskeleg oppgåve kan det godt vere me kan hjelpe deg med å løyse den.