Karriere

Image

Bjørgum mekaniske AS har hatt jamn vekst sidan oppstarten, og treng påfyll med dyktige og engasjerte medarbeidarar.

På Voss kan ein driva med eit breitt spekter av aktivitetar som fallskjermhopping, paragliding, rafting, skisport av alle sortar, og ein har flotte område for tur og friluftsliv.

Så om du har lyst å flytte til denne flotte bygda og har erfaring med CNC-maskinering bør du absolutt ta kontakt.

CNC-operatør

Arbeidsoppgåver:

  • Maskinering etter kunden sine teikningar og spesifikasjonar
  • Vere med å påverke firmaet for vidare retning og utvikling

Ønska kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som CNC-operatør/maskinarbeidar
  • Erfaring frå Mazak Integrex eller andre 5-akse maskiner
  • Programmering i GIBS eller anna camware
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Om du har erfaring med ERP-system kan det òg vere interessant

Personlege eigenskapar:

  • Godt humør
  • Positiv og omgjengeleg.
  • Ansvarsfull og lojal
Me tilbyr:
  • Eit godt og uformelt arbeidsmiljø
  • Ein stabil arbeidsplass
  • Fleksibel arbeidstid
  • Tilrettelagt for den enkelte sine ynske
  • Lønn etter avtale

Om dette verkar spennande eller om du har spørsmål, ring dagleg leiar Stig Ove Bjørgum på tlf: 95 15 82 00.