Premium
sluttprodukt

Moderne
produksjonsbedrift

Godt grep
om presisjonen

Frå råvare til korrekt produkt

Bjørgum Mekaniske disponerer ein moderne maskinpark for maskinering og serieproduksjon av større deler, så vel som enkeltprodukt eller kompliserte smådelar frå 2–30 mm. Like viktig for eit perfekt resultat er systematisk kvalitetssikring, dyktige CNC-operatørar, fagkunnskap og erfaring. Ta gjerne kontakt, enten det er for rutinemessig produksjon eller det spesielle og utfordrande!

Kontroll frå A til Å

Me utfører maskinering etter strenge toleransekrav og spesifikasjonar. Her er vår interne sluttkontroll avgjerande, og me gjer alt for å redusera risiko for feil. Kunden får dokumentasjon på leverte komponentar med omsyn på sporbarheit og verifisering. Det same gjeld krav til HMS, leveringstidspunkt og avtalt pris. Vår belønning er lojale kundar og tilsette med yrkesstoltheit.

Maskinering på stell

Bjørgum Mekaniske har gjennom over 20 år utvikla seg til ei framtidsretta maskineringsbedrift med topp moderne maskinpark i nytt produksjonslokale i Istad Næringspark på Voss. Her ligg alt godt til rette for å ivareta alle gjeldande krav til HMS, berekraft, lager og logistikk. Bjørgum Mekaniske AS sitt interne kvalitetssystem er sertifisert av DNV etter ISO 9001:2015.

Bjørgum mekaniske - Tilsette
10 dyktige og
engasjerte tilsette
Bjørgum mekaniske CNC-maskiner
7 effektive
CNC-maskiner
Maskinering opp til L:5000 / ø800 mm
Maskinering opp til L:5000 / ø800 mm
Honing i ø5–16 mm, Ra
Honing i ø5–16 mm, Ra<0,1

Velkomen til oss!

På nettsida finn du ein kortfatta introduksjon av våre tenester og arbeidsområde. Ta kontakt for meir informasjon om maskinering og andre produkt og tenester som blir levert av Bjørgum Mekaniske.

Dagleg leiar: Stig Ove Bjørgum

Mobil: 95 15 82 00

Send forespørsel til post@bjoergum.com 

Ta gjerne turen innom oss på Voss næringspark Istad. Adressa vår er Bjørgum Mekaniske, Dalsmoen 54, 5709 Voss.  

Organisasjonsnummer: NO 982104211 MVA

Me er medå forma framtida

Me er medå forma framtida